Her gjengjev me talen ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, framførte då Sleppet
opna på Lydgalleriet og Galleri 3, 14 i Bergen tidlegare denne månaden.
Kjære
styreleiar i Grieg 07 lydkunstnarar lydvenner Edvard Grieg skriv i eit brev: ”Men - også i min kunst kunne jeg ikke unnlate å søke et uttrykk for den ville musikk i havets brusen, akk det var forgjeves. Jeg følte til bunns umuligheten av å bringe denne kjempeakkord i toner. Det var i denne susen og brølen noe så uendelig at det forekom meg formastelig et øyeblikk å dvele ved tanken om å kunne gjengi den. Dog, også her fant jeg trøst: Ikke den materielle virkning, men refleksen av de følelser den oppvekker, er det kunstnerens oppgave å gi, og gjøres dette med genialitet, er inntrykket like guddommelig tross den mangel på massevirkning som er naturens egen.” Edvard Grieg var ein komponist som hadde ein stor interesse for lyder han fant i møte med naturen og folkekulturen. Grieg var ein samlar av norsk naturklang – ein klangsamlar – og vi finn døme på dette i hans bruk av folkemusikalske element og i tonebilete som etterliknar og omarbeider inntrykk frå norsk natur. Fuglesong, fossefall, regn og fjell får plass i komposisjonane hans, og lyttarar har fått genuine opplevingar av natur gjennom Griegs musikk. Når Grieg 07 inviterte seks internasjonalt omtykte lydkunstnarar til å la seg inspirere av norsk natur og folkeliv 100 år etter komponistens død, var det ikkje overraskande at dei valte Sogn og Nordfjord som utgangspunkt for feltopptaka. Naturen vi finn i fylket vårt gir lydkunstnarane ein stor palett å leike med: Frå kalvande brear inst inne i fylket, til fjelldalar, skogsvatn, elvesusing, dråpedrypping, sandtak og fossefall, badestrender, fjøs, fuglekvitter og til bølgjene og vindkasta ytst i fylket – ut mot havet. Vi er stolte av at kunstnarane i særleg grad henta inspirasjon frå Gloppen. Det er ikkje kvar dag at det kjem eit knippe internasjonale lydkunstnarar inn på fellesfjøsen på Bø, eller i sauefjøsen til Anders Fitje, med avanserte lydopptaksinstrument. Det var også eit pussig syn å sjå ein engelsk lydkunstnar ta opp lyden av sand i sandtaket på Sandane. For ikkje snakke om når ein tysk lydkunstnar tok til å slå gråstein mot kvarandre i Våtedalen for å finne steinane som har den beste lydkvaliteten! Med lokal kjennskap til stiar og fjellvegar, og ikkje minst lokal ornitologisk ekspertise i Svein Hjelmeset, fekk lydkunstnarane tilgong til eit breitt spekter av norske lydar. Lydar vi som bur i Gloppen høyrer kvar dag, men som vi kanskje ikkje alltid legg merke til. Vi takker lydkunstnarane for at dei har gjort oss merksame på vårt eige landskap – vårt lydlandskap, på ein ny måte. Kjære lydvenner, med dette har eg æra av å opne lydkunstutstillinga ”Sleppet – The Sound of Norwegian Spring”! |
|
Foto: Magnus Skrede
Fra åpningen av Sleppet. Foran: kurator Jørgen Larsson, lydkunstnerne i bakgrunnen
Foto: Magnus Skrede
Fra Sleppet
Foto: Magnus Skrede
Fra Sleppet
Foto: Magnus Skrede
|